Alla tek med seg tradisjonshandtverk til Aurland
Alla Azeez M Merie kom til Norge frå Mosul i Irak i 2015 etter at ISIL angreip byen i 2014.
Med seg hadde han eit håp om eit betre liv i eit fredeleg land og fleire hundre år med gullsmedtradisjoner. I Irak er gullsmedyrket noko ein vert fødd inn i. Det er ei stor ære å få føre tradisjonen vidare til neste slektsledd. Alla sin store draum er å ta dette vidare frå sine forfedre og gje den vidare til sine born.
I Aurland har Merete Rein vore ein fantastisk støttespelar for Alla. Saman har dei fått på plass ein lite verkstad med naudsynt verktøy. De samarbeider om sal og hjelper kvarandre når det trengs.
Det er ikkje berre enkelt å navigere i forretningslivet i Norge. Skatt og avgifter, reglar for import er berre noko av det som ein må læra seg i eit nytt land. Gjennom etablererkurset SPIRE håper Alla å få hjelp til å utvikle ei berekraftig bedrift.
I Mosul hadde Alla og familien eigen butikk og eigen verkstad. Dei hadde det greit økonomisk.
-I Irak må alle som gifter seg gje ei medgift i gull. Og alle gifter seg! ler Alla. -Difor vert det omsett store mengder gull i samfunnet. Gull er og trygg valuta når det er dårlige tider.
I Norge leitar Alla no etter sitt eige formspråk, han utviklar eigne produkt og designkonsept som treff den norske marknaden. Han har og erfaring med masseproduksjon og ser potensialet i å serieprodusere nokre produkt i mindre edelt metall for turistnæringa.
Alla er er svært interessert i forretningsutvikling, og har 17 år erfaring med gullsmeddrift og salg, Vi er glade for å få jobbe saman med Alla i Spire, og vi er sikre på at han har det som trengs for å lukkast!