3 lunsjsamlingar før jul
Det står att spennande lunsjsamlingar på Kaupanger, i Vik og på Campus i Sogndal før arrangementsdivisjonen i Sogn Næring tek juleferie.
1. desember møter du Agnes Brudvik Engset på Campus i Sogndal. Ho har teke doktorgrad i rural turisme med særleg vekt på overlevingsevna i familieeigde verksemder og er tilsett ved Vestlandsforsking.
2. desember debuterer vi med lunsjsamlingar på FUS Kaupanger. Amble Gård har vore i familien Heibergs eige sidan 1690. På garden har dei i tillegg til tradisjonell drift, satsa på reiseliv med fleire utleigeeiningar. Det vert og satsa tungt på foredling av frukt, og dei siste åra har dei jobba mykje med design og emballasje. Mette Marie Heiberg kjem til FUS Kaupanger for å fortelje om korleis dei jobbar med produktutvikling.
2. desember får vi møte rådmann i Vik, Øistein Edmund Søvik. Han kjem til Blix Hotel for å informere om dei kommunale sakene som er mest relevant for næringslivet, med spesielt fokus på kommunale budsjett og investeringsplan 2022-2025.