Nytt og spennande tilbod på Campus Sogndal!

 

Har du fått med deg at det har opna eit nytt og spennande tilbod på Campus Sogndal, som gjer det mogleg å lage meir profesjonelle webmøter, konferansar, live-presentasjonar, streaming og informasjonsfilmar? Amazing Studio, som held til i rommet like ved supportarbua til Sogndal Fotball, kan tilby ein brukar venleg plattform for digital kommunikasjon, med ein komplett utstyrspakke som er klar til bruk.

Denne veka inviterte vi nysgjerrige “campus-folk” til ein presentasjon av det nye tilbodet i lunsjen. Grunnleggjar Carl Andrè Riiber synte fram moglegheitane som opnar seg med å nytte studioet, det blei lagt vekt på at det er fullt overkommeleg å ta i bruk uten for mykje teknisk kunnskap. Visit Sognefjord var også til stades for å fortelje korleis dei allereie har teke i bruk studioet for å syne seg fram til heile verda gjennom ei digital sending.

Er du nysgjerrig på å vite meir om tilbodet og korleis moglegheita det gir? Då kan du lese meir om Amazing Studios her.

Og har du lyst å lære meir om korleis du kan bli bedre forran skjermen? 13.februar kjem Eli Kari Gjengedal til studioet for å helde kurs, der du kan nytte moglegheiten til å få ei god innføring i det spennande nye tilbodet på campus.