Fjellpitch 2023

 

«Fjellpitch» - eit gratis lågterskelarrangement der gründerar og dei med ein heilt ny idé får anledning til å presentere idéen sin, og dermed har moglegheit til å vinne ein attraktiv premie.

I 2015 blei Fjellpitch arrangert for fyrste gong. Formålet med arrangementet har alltid vore det same, nemleg å hjelpe dei som har eit brennande engasjement for entreprenørskap med ein spennande idé og dei som allereie har begynt å arbeide med draumen sin. I år samarbeider Kunnskapsparken Vestland, Sogn næring, HVL Skape, Fjellsportfestivalen og Eigargruppa Campus om arrangementet som skal finne plass på Campus Sogndal den 23. februar under Fjellsportfestivalen.

Arrangementet tek til om morgonen med fokus på gründer- og entreprenørskap, med inspirerande føredragshaldarar, rom for å knytte nettverk, og sist men ikkje minst ein pitchekonkurranse. «Pitch» er eit engelsk ord vi i Noreg har begynt å bruke mykje, og ofte i samanheng med «å pitche ein idé». Omset til norsk betyr det å forsøke å overtyde nokon om at idéen din er spennande og har eit marknadspotensial. Gjer ein dette som deltakar i Fjellpitch, har ein moglegheit til å vinne ein premie til ein verdi av 50.000 kroner, som inneheld finansiell støtte ved Sparebanen Sogn og Fjordane, kontorplass og rettleiing frå PWC, Gasta, Kunnskapsparken Vestland og Sogn Næring. I tillegg vil ein på førehand få god hjelp i utviklinga av «pitchen» sin, og dermed gode råd om korleis idéen kan seljast inn. Ti gründerar vil få moglegheit til å pitche. Vinnaren av konkurransen blir kåra på Fjellsportfestivalen sitt kveldsarrangement, «Fjellsportkveld», same dag.

Fjellpitch er også ope for tilskodarar som ynskjer å få inspirasjon eller er nysgjerrige, og det vil bli servert ein enkelt frukost. Det er avgrensa med plassar- meld deg på her.

I 2021 vant Heidi Aabrekk konkurransen på Fjellpitch med forretningsidéen sin om ei enklare og meir næringsrik løysning av sondemat. Ho fortel om korleis prosessen etter sigeren har vore på følgjande måte:  

- «Det var sjølve startskotet på den brattaste og raskaste læringskorga som eg har hatt i heile mitt liv. Det betyr at vi no allereie produserer råvarebasert sondemat og inviterer menneske med tygge- og svelgevanskar til å teste ut produkta våre. Vi håpar at vi allereie hausten 2023 kan ha varer for kommersielt sal. Så bli med på Fjellpitch! Det kan verkeleg få fart på den idéen som du har»

Du kan lese meir om Heidi sin idé her.


Også Kjetil Russenes har tidlegare vunne pitchekonkurransen. Han fortalde der at han ynskte å starte eit kaffibrenneri.

- «Eg greidde å overtyde juryen om at det her var ein god idé. Eg vann og fekk den vetle «dytten» eg trong for å kome i gong med prosjektet mitt. Så no driv eg og brenn kaffi på heiltid, og synest det er heil topp. Og eg synest at viss du har ein idé som er god, eller berre ein idé, så bør du melde deg på Fjellpitch»

Russenes sin idé kan du lese meir om her.


Vi håper at du melder deg på dersom du har ein gründerdraum- heilt uavhengig av kor langt du har kome i prosessen. Det er ikkje uvanleg at ein er usikker og nervøs på om idéen sin er god nok. I denne pitchekonkuransen søkjer du om påmelding, og dersom du får moglegheit til å delta i konkurransen, vil du få rådgjeving og hjelp til å utvikle ein god pitch til idéen din.

Påmeldingingsfristen er 13. februar.

Logo Fjellpitch
 
Ida Brastad Ramsfjell