Aurland er lansert på Sogn.no
Sogn.no skal vere med å bygge merkevara Sogn og lokke fleire til å busette seg i den flotte regionen vår. Sida er under stadig utvikling og det vert arbeida kontinuerlig med å legge til meir informasjon om det som rører seg i Sogn. Det siste medlemmet på sida er Aurland, kommunen kanskje best kjend for Flåm og cruiseanløp, men visste du og at kommunen mellom anna og er ideel for fjellturar, jakt og fiske? Sjå dei flotte bileta og les meir om kommunen her.
Sogn.no skal og vere ei side som synleggjer arbeidsplassar i Sogn, har du ei ledig stilling du ynskjer å publisere på Sogn.no, eller ynskjer du synleggjere di verksemd, ta kontakt med line@sognnaring.no, for ein prat om utvikling av innhald.