"Møkkaprosjektet" samla landbruksaktørar frå heile Sogn
Førre tysdag var 30 representantar frå landbruk og lokalt næringsliv samla på hotellet for å høyre meir om korleis selskapet Ren Røros gjer “gull” ut av møk. Prosjektet er omtalt som “Møkkaprosjektet” og det skapt stor interesse i landbruket i heile landet.
Bakgrunnen for samlinga var prosjektet “Kraftoverskot som grønt konkurransefortrinn for lokalt næringsliv i Sogn” eit interkommunalt prosjekt som har som målsetnad å bruke lokal kraft til å mellom anna redusere utslepp i utsleppstunge næringar. Med Sognekraft som deltakar i prosjektet var det ekstra spennanande å få besøk av eit straumselskap som arbeida litt annleis med innovasjon og bruk av lokal fornybar energi.
Har du innspel, tankar eller idear om korleis vi kan nytte lokal fornybar energi, eller arbeida di verksemd med reduksjon av utslepp, automatisering av prosessar eller sirkulærøkonomi, ta gjerne kontakt med line@sognnaring.no