Bedriftssafari i Vik
I forbindelse med opninga av Fus i Vik vart det lagt opp til ein tettpakka dag for dei besøkande frå Vestland Fylkeskommune, fylkesordførar Jon Askeland, leiar i hovudutval for næring, Tor André Ljosland og rådgjevar Toralf Rutledal.
Vik har eit breidt og variert næringsliv, og vi hadde lyst å vise fram så mykje av det som mogleg. For å få det til å gå opp måtte ordførar Roy Egil Stadheim stille som bussjåfør, guide og vertskap!
Dagen starta hjå Grethe Hjetland på Highsoft og med besøk hjå ingeniør- og arkitektklynga på Vikeørenbygget.
Etter opninga av Fus Vik fekk vi besøke Linn bad og Sognekraft. Dagens siste programpost var kanskje og det friskaste. Vi fekk besøke Vange gard, Pridla samdrift og Tistel gard. Ei imponerande næring som driv godt. Å avslutte dagen med landbrukssafari var ei perfekt avslutning på ein innhaldsrik dag.