Storfint besøk på opninga av Fus i Vik!
I går samlast Kommune, Fylkeskommune og næringsliv til opningsfest for Fus i Vik! Dei gamle lokala til Vik Samyrkelag er no gjort om til topp moderne kontorfellesskap som skal huse framtidas arbeidsplassar i Vik. Kommunen har allereie leigd to plassar som skal nyttast av grûndere, samarebeidsprosjekt i næringslivet og studentar som ynskjer ein plass å sitte mens dei skriv oppgåver. Men moglegheitane er mange, og huseigar Knut Mykkeltvedt ser fram til å huse dei som måtte ha bruk for ein arbeidsstad i Vik, for kortare eller lengre periodar.
Det nye Samyrkelaget er ein del av Fus-strukturen og soleis vil leigetakarane i Vik ha tilgang til alle dei andre Fus-lokasjonane i regionen.
Eg er FUS" sa me då me leika i betydninga om å vera først. Eg synest dette ordspelet passar godt her i VIK.
Orda tilhøyrer fylkesordførar Jon Askeland, som deltok på opninga i går, og vi kunne ikkje vore meir samde,