“SUSTENT” samarbeid om berekraftig entreprenørskap

Førre veke tok vi imot ein delegasjon frå Ovidius-universitetet i Constanta, Romania. Besøket var i samband med eit EU-prosjekt som HVL deltar på saman med Ovidius-universitetet. Prosjektet heiter «SUSTENT», og har fokus på berekraftig entreprenørskap.

 
 

I prosjektmidlane ligg mobilitetsstipend som har gitt aktørane moglegheit til å besøke kvarandre. I september reiste prosjektgruppa frå HVL og fleire økonomi- og reiselivsstudentar til Constanta for å lære om status og utfordringar som låg til entreprenørskap i eit av Europas fattigaste land.

Førre veke kom ein tilsvarande delegasjon til Sogndal for å lære av HVL. Her fekk dei sjå noko av det beste Sogn har å by – nemlig reiselivet i Flåm og gründermiljøet på Campus representert ved Sogn Næring. Delegasjonen var blant anna interessert i å høyre korleis Sogndal har knekt koden med samlokalisering og sameige frå ulike statlige, kommunale og private aktørar. Noko dei merka seg er at i Noreg har vi eit system bygd på høg grad av tillit, noko vi kanskje tar for gitt.

Delegasjonen fekk omvisning på FUS på Campus og korleis vi satsar på å skape liknande miljø rundt om i Sogn. Deretter presenterte vi HVL Skape og korleis dei arbeide med grundermobilisering blandt studentar.

aktueltKaroline Myklebust