Bli kjend med Fusarane: Ove Kristian og Martin, praksisstudentar i Sogndal Kommune

Me tok ein prat med Ove Kristian og Martin for å høyre kva erfaringar dei har med å vere Fusarar.

Kven de?

Me er praksisstudentar i Sogndal kommune innanfor samfunn og frivilligheit. Til dagen studerar me Ungodmssosiologi på HVL Campus Sogndal.

Kva jobbar de med?

Me jobbar blandt anna med eit prosjekt for å finne ein modell for eit ungdomshus i Sogndal sentrum. Der ser me på oppbyggniga og korleis det kan driftast. Me jobbar også med eit prosjekt der me ser på korleis vi kan forbetre informasjonsflyten frå kommunen til studentane i bygda.

De har praksis i kommunen, men sit på Campus, kva fordelar tenkjer de at kan dette ha?

Å sitte på Campus og på FUS gjer det enkelt å jobbe saman med studentane då det er veldig kort veg bort til skulen. Ettersom studentane utgjer ein stor del av innbyggarane i bygda kan det vere smart å vere tett på denne gruppa.

Kva synast du om å sitje på Fus?

Veldig fine lokaler! Fint å sitte i ope landskap og fint med møterom når me har behov for det.                                                                                                  

Og heilt til sist, kva betyr Fus

-Det har eg sjekka sidan eg fekk spørsmål om dette, Førstemann til mølla eller noko slikt

Stian Hofslundsengen