Bli kjend med Fusarane: Kristoffer Engebø i Eduplaytion
Kristoffer Engebø i Eduplaytion flytta nyleg inn i lokala våre her på Fus i Sogndal. Me har teke ein prat med han for å høyre kva erfaringar han har gjort seg med fellesskapet vårt så langt.
Kven er de?
Me i Eduplaytion utviklar læringsspel for barn. Saman med erfarne mattematikklærarar og dyktige spelutviklarar frå Noreg og Brazil skapar me relaterbart og morosamt læringsinnhald for den Norske og internasjonale B2B og B2C marknaden.
Kva jobbar du med?
Stillngstittelen min er dagleg leiar og rolla mi er å sjå til at dei ulike avdelingane samhandlar godt og at strategiar vert følde. Investorkontakt, sondering av investormarknad, rekruttering, styrekontakt og marknadsføring er viktige oppgåver i kvardagen. Eg likar og å være tett på produktet og testar sjølv alle funksjonar før lansering.
Korleis fant du oss?
Eg vart anbefalt fus av ein nabo etter at eg flytta til sogndal.
Kva fordelar ser du med å sitje på fus og ikkje heime?
Eg var på forhand bestemt på at eg ikkje kun ville sitje på heimekontor, og ynskja å vere ein del av eit større miljø der ein kan dra fordel av både sosialt og fagleg impulsar.
Kva fordelar har ein med å velge fus?
Mitt førsteinntrykk er at det er ein lys og fin arbeidsplass med mykje gode moglegheiter i eit miljø med fleire store aktørar, og dei fleste fasilitetar i nærleiken.
Lokala har døgnåpent med elektroniske låsesystem som gjer at ein er fleksibel kva gjeld arbeidstid.
Og heilt til sist, veit du kva “Fus” betyr?
Der har eg juksa og fått det forklart, men eg var litt usikker på dette i starten.