Regionale distriksmidlar til auka verdiskaping
Har du eller din bedrift eit innovasjonsprosjekt, og lurar på korleis dette kan finansieres? Det finst eit hav av ulike støtteordningar for å fremje innovasjon og nytenking, der regionale distriksmidlar frå Innovasjon Norge er ei av dem. Ordninga er eit av verkemiddelane som skal bidra til verdiskaping i heile landet. Samanlikna med mange av dei andre finansieringsordningane frå Innovasjon Norge har den her støtteordninga nokon andre krav til selskapa som kan kvalifisere seg, der kriterium som auka verdiskaping og sysselsetting blir lagt stor vekt.
Målgruppa for ordninga er små og mellomstore bedrifter, der ordninga skal være med å avlaste risiko i innovasjonsprosjekter som fører til vekst og verdiskaping. Den omfattar både investeringstilskot og risikolån, og skal vere eit supplement til anna finansiering av prosjektet der andelen baserer seg på ein samla vurdering av bedrifta, prosjektet og effekten prosjektet har på samfunnet. Tilskotet gis til vidareutvikling av etablerte bedrifter som har eit prosjekt som skal utvikle eller forbedre eit nytt produkt, ein ny prosess eller tjeneste. Det kan også gis midlar til investering, kommersialisering og marknadsavklaring.
For dei større bedriftane som treng finansiering til eit innovasjonsprosjekt kan ordninga grønt investeringstilskot vere verdt å sjekke ut. Tilskotet rettar seg mot industribedrifter i distrikta som bidrar til grønn omstilling, verdiskaping og sysselsetting, der prosjektets miljøeffekt må vere vesentleg og tallfesta. Prosjekta som får tilskot må ha ein positiv miljøeffekt, og ha som mål å bidra til utviklingen av heilskapelege og sirkulære verdikjeder.
Ta gjerne kontakt med Birgitte om du lurar på om innovasjonsprosjektet kan kvalifisere til nokon av ordningane, eller om du har andre spørsmål kring tilskotsordningar generelt.