Bruk sommaren i Sogn!
Naturen i Sogn har noko for alle. Nærleik til fjord og fjell byr på hundrevis av stiar for stisykling, elvepadling, klatrefelt, og moglegheit for både korte og lange fjellturar. Utforsk fjordlandskapets mange badeplassar, både sentrumsnære med hoppetårn og kafé, eller finn ei avsidesliggande perle du kan ha heilt for deg sjølv.
Langs heile fjorden ligg idylliske bygder med både kafear, restaurantar og shopping-moglegheiter. Ta ein tur innom nyåpna Brasa Restaurant & Bar i Sogndal for smakar frå Latin America, eller opplev lokal kunst og smaksopplevelse i Solvorn hos Kvitabui matnaust og galleri.
27. august er Balestrand plassen å vere for musikkinteresserte. Då kan du kombinere eit opphald på historiske Kviknes Hotel med den nye festivalen til Balestrands eigen Kjartan Lauritzen.
Flåm er eit kjent reisemål for mange, men det er lett å gløyme kva ein har rett utanom ståvedøra. Flåmsbana og Rallarvegen tiltrekkjer seg reisande frå heile verda, og er verdt eit besøk. Om du vel å sykle Rallarvegen eller Lustrafjorden rundt kan begge turane kombinerast med ei velfortjent pause på enten Flåm Bakeri eller Lustrabui.
Les meir om kva ein kan sjå og gjere i sogn på Fjord Norway sine nettsider.