God sommar!
Det nærmar seg sommar, og dei fleste i vår organisasjon tek ferie frå fredag av. Vi kjem til å vere spredt over fleire kontinent og land, men felles for alle er at vi skal lade batteri, hente ny inspirasjon og gjere oss klar for brette opp ermene til hausten.
Har du spørsmål eller saker du treng svar på i løpet av sommaren kan du nå oss med å sende e-post til post@sognnaring.no, eller skrive til oss i chatten på nettsida vår, så svarer vi så fort vi kan.
Vi ynskjer alle våre samarbeidspartnere, lokale verksemder og gründere ein riktig god sommar! Bruk tida på kvarandre, et masse is, bad i fjorden og bruk den flotte regionen vi bur i - for inspirasjon til å vere turist i eiga fylke kan du lese saka Bruk sommaren i Sogn!