Fylkestoppane til Vik

Fylkesordførar Jon Askeland og leiar i hovudutval for næring, Tor André Ljosland, tek turen til Vik torsdag 3. februar. Her får dei møte offensive representantar for eit breitt spekter av bedrifter og vere med på opninga av FUS Vik – Vik Samyrkelag.

Dei to møter ordførar Roy Egil Stadheim og representantar for Vik Næringssamskipnad og Sogn Næring for ein guida tur, før turen går vidare til møte med ulike representantar for næringslivet i Vik. Det vert bedriftsbesøk hjå Dialead, Linn Bad, Sognekraft, Highsoft og møte med ingeniør- og arkitektmiljøet, og sjølvsagt møte med framoverlente og samarbeidsorienterte aktørar i det offensive landbruket i Vik. 

Foto: Vestland Fylkeskommune

aktueltGuest User