Ein god start på dagen!
Vi trur at det er i møte mellom menneskjer det skjer utvikling. Difor er ein av våre viktige oppgåver å legge til rette for samlingsplassar i Sogn. På frukostmøta spandera vi frukost, fersk kaffe, litt fagleg påfyll og tid til å snakke med nye og kjende ansikt.
I neste veke arrangera vi to spanande frukostmøter. Det første foregår på Sogndal Campus, 26. januar. Tema for frukosten er HMT - eit viktig og aktuelt tema. Allereie dagen etter, 27. januar, kan du starte dagen med frukost på Blix hotell og høyre meir om den spanande Cruisesatsinga i Vik kommune.