Digitalisering i digitaliseringshovudstaden
Onsdag samlast ein fin gjeng til frukost, nettverksarbeid og fågleg påfyll på Fus på Leikanger. På menyen var det heite rundstykker, fersk kaffe, kvardagsdigitalisering i Nav og forenkling, fornying og forbetring i Sogndal kommune.
Herdis Ulveseth, direktør for Nav økonomitenester fortalde om utviklinga frå ein arbeidskvardag prega av manuell punching til automtisering ved hjelp av robotar. Ein engasjert forsamling fekk god innsikt i korleis Nav har endra arbeidsoppgåver og kompetansebehov. I dag er Nav organisert med utviklarar som kontinuerlig arbeida med å effektivisere og autmotaisere dei manuelle arbeidsoppgåvene, slik har dei tilsette i Nav no meir tid til analyse og brukarretta arbeid.
Digitalisering, effektivisering og moglegheita for autmotaisering var fokus i presentasjonen til teamlear for Tema digitalisering i Sogndal Kommune, Bente Mossige Ask. Det vart fortald om fleire spannande prosjekt og korleis kommunen har organisert seg for å kunne jobbe aktivt med digitalisering i alle tenesteiningane i kommunen.
Visste du at Sogndal kommune har eigen digitaliseringstrategi, den finn du her.
Vi har ofte arrangement, fordelt rundt på dei ulike Fus-lokasjonane! Neste arrangement er lunsj med påfyll på Campus, 6. april, velkommen!