Sogn synte seg fram på Karrieremessa
22. mars gjekk årets karrieremesse av stabelen! Ei stor forsamling av offentlege og private verksemder var samla for å marknadsføre karrieremoglegheitane i Vestland.
Saman med frå Sogndal, Høyanger og Aurland kommune representerte vi Sogneregionen. I løpet av kvelden traff vi mange unge studentar og jobbsøkande, som tykkjer Sogn er eit interessant og aktuelt framtidsvalg, men konkurransen om kompetansen er stor og vi må fortsette å gjere regionen vår attraktiv, skal vi klare å fylle det aukande kompetansebehovet i tida framover!
Takk for oss, Framtidsfylket - eit vel gjennomført arrangement som vi gler oss til å delta på i 2023!