Har di verksemd merknadar til etablering av nytt fjordspenn?
Statnett SF har søkt Kystverket om løyve etter hamne- og farvannsloven § 14 til etablering av luftspenn over Sognefjorden på strekninga mellom Lingestfjellet på Kaupangerhalvøya i Sogndal kommune og Frønningen i Lærdal kommune, Vestland fylke.
Planlagt anleggsperiode er i utgangspunktet august-september 2024 og april-september 2025, med atterhald om forskyvninger på grunn av væravhengighet.
Under anleggsperioden skriv Statnett at det må reknast stans og reguleringar for anna trafikk på fjorden, i det aktuelle området.
Sjølv om tiltaket ligg eit godt stykke fram i tid, vert det allereie no varsla, for at eventuelle berørte kan vere budd i god tid.
Eventuelle synspunkt eller merknadar til planene kan sendast til Kystverket, adresse post@kystverket.no og merket med vårt saksnummer. Frist for å kome med merknadar er satt til 30. januar 2023.