Industrien på Kaupanger har god kontroll på ressursane

Som ein del av arbeidet med prosjektet Kaupanger sirkulære industripark skal vi kartlegge industriverksemdene på Kaupaunger. Korleis vert avfallet handtert? Er det avfall som kan nyttast som ressursar?

Saman med prosjektgruppa har vi besøkt Vitemeir, Lerum, Toyota og Are treindustrier. Så langt er funna særs positive, ikkje overraskande har selskapa god kontroll på ressursane sine. Rutiner for sortering er på plass og det vert kontinuerleg arbeida for å redusere mengde næringsavfall - restavfall for bedrifter.

Det har likevel vore særs lærerikt å få vere med på innsida av produksjonen og få moglegheit til å stille alle spørsmåla vi har kring sirkulærøkonomi.

Resultatet av kartlegginga vil bli presentert etter vi har besøkt resten av verksemdene på Kaupanger.

Følg med vidare, det vil kome oppdateringar frå prosjektet i nyheitsbreva framover.


Takk for at vi fekk kome på besøk, Vitemeir, Lerum, Toyota Sogn og Are Treindustrier!

aktueltLine Bjelde