Ei forsømt yrkesgruppe – nedlegging av utdanningstilbod er ikkje løysinga!

Restaurant og matfag har over tid vore ei forsømt yrkesgruppe. Utdanningsinstitusjonane manglar søkarar, næringslivet har ikkje tilstrekkeleg tilgang på fagkunnskap og rekrutteringa har nådd eit kritisk nivå. Nedlegging av utdanningstilbod innan restaurant og matfag er ikkje løysinga. Krisa for næringane, og kanskje spesielt reiselivet, har med Covid-19 pandemien vorte forsterka og verkeleg vist kor sårbar næringa er utan tilgang på viktig og rett kompetanse. 

Det var duka for tidenes sesong innan reiselivet i 2020. Skuleåret 2020/21 var og året vi i næringslivet verkeleg skulle bidra fagleg, med rekruttering og med inspirasjon til restaurant og matfag ved Sogndal vidaregåande skule. Slik vart det ikkje.

Det siste året har vore spesielt på mange vis. Vi i reiselivet og serveringsbransjen har teke vår del av støyten. No brettar vi opp ermane og er klare for gjenopning av landet og ein hektisk sommarsesong. Men på kjøkkena våre i Sogn manglar vi folk. Blir de med på den dugnaden?

Hovudutval for opplæring og kompetanse skal i møte tysdag 27. april handsame saka PS 7/2021 Justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2021/22. Med bakgrunn i tal søkarar og prøveopptak føresler fylkesdirektøren at restaurant og matfag VG1 ved Sogndal vidaregåande skule ikkje vert sett i gang i haust.

Skulen har i sitt innspel til saka spelt inn følgjande:

Vi har sett på alternative organiseringsformer for å gjere undervisninga betre for dei som startar på vg1. Fellesfag kan gjennomførast saman med klassen på SE. I tillegg ser vi for oss at vi kan gjennomføre deler av programfaga i fellesskap for vg1 og vg2. Nokre økter må dei ha kvar for seg for å nå kompetansemåla i faga. Totalt tenkjer vi at vi kan gjennomføre RM vg1 og vg 2 tilsvarande kostnaden til 1,5 klasse.

Vi vil straks gå i gang med å sjå på om det er mogleg å få på plass eit tilbod som er skreddarsydd for regionen der tilbodet inneheld mat, reiseliv og friluftsliv. Dette kan vere eit pilotprosjekt som kan føre til fleire søkjarar på sikt.

Vi ønskjer å behalde tilbodet om RM ved Sogndal vidaregåande skule i håp om at søkjartala tek seg opp når vi ikkje lenger treng å ta omsyn til korona. 

Yrkesopplæringsnemnda handsama saka i møte 15.04.2021 og konkluderte slik:

Yrkesopplæringsnemnda konstaterer at det fleire stadar i fylket finns søkjarar til tilbod som arbeidslivet etterspør og har læreplassar til, men det er ikkje mange nok søkjarar til å oppretta klasse i eit nærskuleområde. Nemnda vil tilrå at det så langt råd etablerast halve eller kombiklassar, for å bidra til å dekke arbeidslivets behov. Viss slike klassar ikkje let seg gjennomføra, oppmodar nemnda til å undersøkja moglegheitene for å etablera 1+3 modellar, gjerne med eit digital tilbod på fellesfaga som gjer det enklare for lærlingar og verksemder i distrikta. 

og

Nemnda meiner elles at det må starta eit meir langsiktig arbeid, særleg i samarbeid med dei bransjane som ikkje får nok lærlingar, for å gje betre informasjon om moglegheitene til ungdom som søkjer utdanning.

Vi er kjende med at det ved Sogndal Vidaregåande skule er kapasitet til å setje i gang Restaurant og matfag som vaksenopplæring hausten 2021. Gjennom prosjektet «Sogn for alle» jobbar kommunar, regionråd, næringsliv og frivillig sektor systematisk med integrering av tilflyttarar frå inn og utland. Gjennom arbeidet vet vi at det finst potensielle søkarar til ei vaksenopplæring innan restaurant og matfaga. Næringa vår er særs klare til å bidra i integreringsdugnaden, og støttar ei slik opplæring 100%. Dette vil kunne organiserast som ein kombinasjonsklasse der elevar med ungdomsrett er en del av klassen.

Restaurant og matfag ved Sogndal vidaregåande skule leverer kritisk arbeidskraft og kompetanse til regionen. Vi har stolte mattradisjonar og reisemål i verdsklasse. Arbeidslivet heiar på både skulen, utdanninga og elevane som vert ein viktig ressurs for oss som jobbar i reiselivs- og matfaga i framtida. I 2021/2022 ønskjer vi å bidra tii å vidareføre tiltaka frå før-koronatida:

  • Kokkekamp for ungdomsskulane i Sogn

  • Tilbod om arbeidslivsfag for 9. og 10. klasse

  • Besøk hjå 300 elevar i 10.klasse

  • Open skule for føresette og elevar som skal velje utdanning

  • Hospitering/utdanningsval for 9. og 10. klasse

  • Arrangement saman med Visit Sognefjord og matnæringa på kjøkenet til Sogndal vgs.

Framover ønskjer vi å bidra til å gje utdanninga ei enda tettare kopling til nærings- og arbeidslivet. Både bidrag i undervisninga, praksis og lærlingplassar, samarbeid om arrangement og rekrutteringstiltak og rundt utvikling av utdanninga er vi i god dialog.

Sogndal Vidaregåande skule har topp moderne fasilitetar og er lokalisert i eit flott læringsmiljø på Campus Sogndal. Vi ønskjer oss både kortreist mat og kortreist arbeidskraft med høg kvalitet. Saman skal vi løfte Sogn og Vestland sine mattradisjonar.

Vi håper politikarane våre tek del i dugnaden gjennom å:

  • setje i gang VG1 på restaurant- og matfag ved Sogndal vgs, gjerne kombinert med VG2.

  • leggje til rette for at ei elevgruppe kan starte vaksenopplæring i restaurant og matfag.

  • signalisere langsiktig satsing på utdanninga og invitere arbeidslivet med på dugnaden.

  • sikre finansiering til å utvikle og marknadsføre utdanninga og å jobbe systematisk saman med regionen og arbeidslivet om rekruttering. 

Vi håper politikarane i Hovudutval for opplæring og kompetanse blir med på dugnaden og tek framtidsretta val.

 Helsing frå 

Anne Randi Farnes, Dragsvik Fjordhotell
Arne Glenn Flåten, Vesterland Feriepark
Aud Melås, Flåmsbrygga Hotell
Bernt Aleksander Elle, Ellevilt
Emilie Anne Pellegrino, Leikanger Fjordhotel
Erlend Fardal Lunde, Vitensenter Sogn og Fjordane
Evan Lewis, Ægir Bryggeri
Helene Maristuen, Høgskulen på Vestlandet
Inghild Lysne Sanden, Nortura Sogndal
Jorunn Åsfrid Røyrvik, Blix Hotel
Jørgen Christian Lindstrøm, Quality Hotel Sogndal
Knut Munthe Olsen, Årøyelven
Knut Rune Bøe, Lærdal Grønt
Lise Sundberg, Kafé Krydder
Nils Asbjørn Lie, Norway’s best AS
Nils Olav Øy, Meny Sogndal
Odd Ohnstad, Haugen Gardsmat
Sigurd Kvikne, Kviknes Hotel
Ståle Brandshaug, Visit Sognefjord
Stein Klakegg, Lerum AS
Torgeir Skålid, Sogn Næring

aktueltGuest User