No kan du søke midlar til opplæring i bedrifta

No er endeleg BIO-midlane her. Vestland har til saman fått 35,5 millionar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar), etter at Stortinget auka ramma til fylka med 300 millionar.

- Målet med BIO-midlane er at bedrifter med omstillingsbehov skal kunne prioritere opplæring, sjølv om koronasituasjonen gjer at dei opplever svært krevjande tider, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune.

Søknadsfristen er 22. mai og du finn meir info og søknadsskjema her.

Vi bistår gjerne bedriftene med prosjektutvikling og søknad. Ta gjerne kontakt med May Lene Steinheim Lunden på may-lene@sognnaring.no.

aktueltGuest User