Elevane på restaurant- og matfag inviterte til ein global lunsj!
Denne veka var vår rådgjevar Birgitte så heldig å bli invitert til ein storarta lunsj i regi av restaurant- og matfaglinja på Sogndal Videregåande Skule. Elevane på vaksenopplæringsprogrammet fekk i oppgåve å lage mat frå sine heimland, og det vart servert spennande rettar frå Kongo, Indonesia, Latvia, Polen, Norge og Syria. Mat- og drikkenæringa har i mange år rapportert om stort behov for rekruttering av både kokkar og servitørar. Vi er difor glade for å sjå at samarbeidsprosjektet mellom NAV og Fylkeskommuna om å starte opp eit vakensopplæringsprogram, har gitt positive resultat.
Arbeidet med rekruttering til mat- og drikkenæringa er noko vi held frem med også i 2023, då det framleis er eit stort behov for fagfolk innenfor bransjen. No er vi mellom anna i gang med å planlegge ei ny samling saman med lokale aktørar for å inspirerer framtidas matarbeiderar.