Treng bedrifta di meir kompetanse på prosjektleiing eller andre områda? Sjå hit!
Saman med Sognefjorden Næringshage og Kunnskapsparken Vestland ynskjer vi å kartlegge kva for kurs og kompetanseheving lokalt næringsliv har bruk for. I samband med dette er det laga ei kort undersøking for å samle behova i næringslivet. Vi set stor pris på om du avsett eit par minutt for å svare på spørsmåla. Dette vil hjelpe oss i arbeidet med å lage program og kurs som treff behovet til næringslivet i 2023!
For dei av bedriftene som har behov for meir kompetanse på prosjektleiing kan det vere aktuelt å sjekke ut kurset som Folkeuniversitetet no inviterar lokalt næringsliv og offentleg sektor til. Dette er eit kurs for dei som ynskjer ei praktisk og strategisk forståing av prosjektarbeid og prosjektleiing. Med bakgrunn i generell prosjektteori får deltakarane kompetanse til å bruke PLP-metodikken som verktøy for å styre og delta i prosjekt på ein målretta og effektiv måte. Kurset passar godt for dei som har ansvar for, leiar eller deltek i prosjektarbeid i offentleg og privat sektor.