Richard (21) er klar for gründerprogrammet Spire

Richard Ngombe Yumba (21) har eit ønske om å skape ein «social business». Han vil promotere kunsten sin og samtidig generere overskot til organisasjonen sin i Afrika, Decolonized Youth. Gjennom gründerprogrammet Spire skal han utvikle forretningsidéen din saman med vår forretningsutviklar, Knut.-Erlend Rosvold:

-Eg trur Richard med ei slik audmjuk haldning kan nå veldig langt med sine ambisjonar og talent, seier Knut-Erlend. -Det vert utruleg spanande å gå gründerreisa saman med Richard og sjå korleis han kan få utvikle seg både som kunstnar og forretningsmann. Det er fantastisk at han, etter å ha etablert seg i Norge, tenkjer på korleis han kan skape moglegheiter for andre en seg sjølv. Dette er eit godt eksempel på kva ressursar vi får til Norge.

Decolonized Youth er ein ungdomsorganisasjon i Uganda der Richard samman med andre ungdommar har jobba med å fremme den sjølvstendige tanken og samfunnsansvar hå ungdom.

Kjenner du nokon som kan vere interessert i gründerprogrammet Spire? Du finn meir informasjon her.

aktueltGuest User