Vi skreddarsyr gründerprogrammet Spire

Etter flotte tilbakemeldingar frå interesserte deltakarar, skreddarsyr vi no gründerprogrammet Spire som eit meir fleksibelt tilbod. Ny påmeldingsfrist er sett til 1. november.

Det relanserte tilbodet får fleire 1-1 coaching-timar, og desse vert gjennomført fysisk eller digitalt. Det vert og 3 digitale fellessamlingar på kveldsstid og ein avsluttande lunsj til lunsj samling der me oppsummerer og presenterer det me har utvikla for kvarandre.

Vi håper at den nye strukturen gjer tilbodet meir tilgjengeleg for fleire. Om du har spørsmål eller er interessert i å delta, kan du ta kontakt med:

Knut Erlend Rosvold
Forretningsutviklar
Mob: 958 16 591
knut-erlend@sognnaring.no

Etablerarkurset er ny satsing i prosjektet Sogn for alle. Kurset er finansiert av kommunane i Sogn regionråd og Vestland fylkeskommune, og blir utvikla av Sogn Næring.

aktueltGuest User