EU utvidar støtta til kvinnelege teknologi-gründerar

Etter ei vellykka lansering av Women TechEU i 2021 har EU no opna for at nye bedrifta med kvinnelege gründerar kan søke. Programmet blei starta med ein hensikt om å få fleire oppstartsbedrifta med kvinneleg gründer eller leiar (CEO, CTO eller tilsvarande) til å søke finansiering frå Horisont Europa, verdas største program for forsking og innovasjon.

Deltakarane i Women TechEU får finansiering og rådgjeving som skal bidra til å støtte vidareutvikling av forretningsplan og vekststrategi, samt hjelp til å finne potensielle forretningspartnarar og investorar. I fyrste runde av programmet fekk heile fire norske bedrifta finansiering, noko som syne nivået til norske djupteknologibedrifta med kvinnelege leiarar.

For å kvalifisere til å søke må bedrifta ha kvinneleg gründer eller medgründer, som også har ein rolle i toppledelsen (CEO, CTO eller tilsvarande). Bedrifta kan ikkje vere eldre enn seks år, eller ha henta meir enn èn million euro i kapital frå eksterne investorar. Søknadsfrist er 4.oktober.

Søknadsskjema og meir informasjon om programmet finn du her

Foto: Unsplash, via Innovasjon Norge

aktueltGuest User