Vi gler oss til hausten i Sogn!
Sommar og ferie er topp, men når batteria er lada og kalenderen snart syner august byrja vi å sjå mot hausten og det vi skal rette fokus mot resten av året.
I månadane som kjem skjer det mykje spennande i regionen vår, vi skal bryne oss på nye prosjekt og vi skal ta i mot nye gründere, fjernarbeidarar og besøkande på Fus-kontora, det skal arrangerast store og små arrangement og vi skal bli enda fleire i teamet vårt!
For å nemne noko gler vi oss spesielt til innovasjonsdagen Sogn med Fjellpitch som ein viktig del av programmet. Vi har fleire spennande tema på dei komande lunsj med påfyll og frukostmøta, som vi skal ha rundt om på alle Fus-lokasjonar. Saman med fleire lokale aktørar skal det arrangerast studietur i forbindelse med prosjektet sirkulært klimasprang og vi skal skrive søknad om nytt næringshageprogram.
Føl med, møt opp, heng deg på og ta kontakt om du har spørsmål, idear eller prosjekt du ynskjer å drøfte med oss!
Vi gler oss til hausten saman med det flotte og varierte næringslivet i Sogn💡🌱