Fekk gje innpel til nasjonal strategi

Vi i Sogn Næring var mellom dei utvalde aktørane som fekk gje innspel når Kommunaldepartementet inviterte til verkstad rundt temaet «Småbyen som regionale kraftsenter».

Regjeringa er i gang med å utarbeide ein nasjonal strategi for småbyar som regionale kraftsenter. Strategien tek mål av seg å styrke småbyar og større tettstader, gjennom å samle verkemiddel og tiltak som kan bidra til livskraftige og attraktive lokalsamfunn. Ambisjonen til regjeringa er at folk skal kunne bu og leve over heile landet, og velfungerande småbyar med urbane kvalitetar er eit godt utgangspunkt for å gjere heile den omliggande regionen meir attraktiv.

Som ein del av strategiutviklinga vert det mellom anna arrangert verkstader med utvalde aktørar, og Sogn Næring fekk vere med på verkstaden med bedriftsattraktivitet som tema.

Dagleg leiar, Torgeir Skålid var mellom 3 innleiarar i verkstaden, og han fekk fortelje om Sogndal som vekstvinnar i Vestland: - Det er alltid kjekt å kjekt å formidle kva gode krefter får til i Sogndals-samfunnet. At vi veks hurtig, at befolkninga vår er landet yngste, om breidda i nærings- og arbeidsliv, om merkevara Sogndal og at vi ønskjer å dra med oss regionen i utviklinga.

Nettopp at regionsentera skal trekke med seg resten av regionen har tungt fokus i den nye strategien: - Vi trur at Sogndal kommune sin inngang til utvikling i regionen som «raus storesyster» er eit fantastisk utgangspunkt for å få til noko, seier Torgeir. - Men vi må og akseptere at kommunane rundt oss stiller krav. Utviklingsarbeidet må hente forankringa si i lokalsamfunna og og det er dei lokale behova vi skal løyse. Vi som regionssenter må dele ressursar og kunnskapen vår med regionen.

Kommunaldepartementet ønskte og innspel til korleis ein skal nytte verkemidla dei rår over. -Vi spelte inn at vi ønskjer nasjonale verkemiddel som forsterkar den lokale innsatsen. Siva sine næringshage- og inkubatorprogram og Innovasjon Norge sine løysingar må i større grad løyse utfordringane regionane peikar på, avsluttar Skålid.

Her finn du presentasjonen til Sogn Næring frå møtet.

aktueltGuest User