Kommunalt Covid-19 næringsfond i Vik kommune

Søk om midlar frå Kommunalt Covid-19 næringsfond i Vik kommune her

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i brev av 25/2 gjeve melding om at det er løyvd midlar til kommunale næringsfond som eit tiltak mot koronakrisa. Vik kommune fekk tildelt kr. 250.000,-.

Formannskapet i Vik kommune vedtok i sak 041/21 den 25.03.2021 at midlane skal lysast ut med søknadsfrist 15. april 2021. Tildeling av midlar skjer i Formannskapet 6. mai etter innstilling frå Rådmannen.

Målgruppe for utlysinga er verksemder heimehøyrande i Vik kommune innan dei næringane som er prioriterte i retningslinjene.

Retningslinene for fondet finn du her.

Ta gjerne kontakt med oss om vi kan bistå med rettleiing til prosjekt eller søknad

Forrige
Forrige

Styrkar arbeidet mot gründerar

Neste
Neste

Fekk gje innpel til nasjonal strategi