God stemning i Flåm - og flotte bedrifter heidra med prisar
Norways Best stilte med flotte rammer på Fretheim hotel når Næringskonferansen 2022 opna med gode ord frå programleiararne Finn Tokvam og Line Bjelde, samt leiar i hovudutval for næring i Vestland Fylkeskommune, Tor André Ljosland.
Samarbeid er det berande temaet i konferansen som starta tidleg torsdag morgon med sauna og frukost i turistbygda.
Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring i Vestland Fylkeskommune, framsnakka det flotte samarbeidet Vestland Fylkeskommune har med kommunar og næringsliv. Saman skal vi løyse framtidas utfortdringar og utvikle morgondagens næringsliv. Deling, samarbeid og klyngeaktivitet er sentralt og sidermiljøet i fylket er eit strålande døme på dette.
Camilla Elise Berg og Marte Alstad Hansen driv kommunikasjonsbyrået Awake. Fokuset deira er kommunikasjonsarbeid rundt berekraft. Verksemde held tilbake denne kommunikasjonen av frykt for å trå feil. Ingen er 100% berekraftig, men berekraft er ein konkurransefordel og må kommuniserast. Konferansedeltakarane fekk sjå verktøy og nyttige døme for det vidare arbeidet.
Kari Sigrun Lysne er nestleiar i Sogn Frukt og Grønt. Ho fortalde om det nye pakkeriet i Håbakken, eit samvirke mellom 150 aktive produsentar i Sogn. I tillegg til pakkeriet, har dei saman med ei rekke aktørar starta Sognasmak for å profilere mat og drikke frå regionen.
Jannet Aksnes eig og driv PopUp Norge. Dei to siste sommerane har dei nytta Otternes Bygdetun i Aurland til Popup-restaurant. Her har stjernekokkar frå fjern og nær fått leike og trylle med premium matvarer frå Sogn.
Etter minglelunsj med fokus på det lokale matfatet tok Tore André Flo frå Sogndal Fotball over scena. Han fortalde om kvifor laget er viktig for utvikling av enkeltspelaren. Samhald er stikkordet for å lukkast, og enkeltspelaren kan ikkje skine utan laget som spelar ein gode.
Gjennom prosjektet Restart reiseliv har bedrifter i Sogn jobba saman med Vestlandsforsking og Sogn Næring for å identifisere vellukka satsingar i skuldersesongane pre-korona. Produkta skal no restartast for utvikling i reiselivet i Sogn. Birgitte Karlstrøm frå Sogn Næring fortalde om prosjektet og synte flotte videoar som er resultat av arbeidet. Ho hadde med seg Bård Huseby på video og Inna Jordal (Fjærland Fjordstove), Anne Mundal Skjelten (Norsk Bremuseum) og Tor Andre Balevik (Fjordangling) på scena. Vi fekk høyre om samarbeid som grunnlag for reisemålsutviklinga og korleis ein deler det meste.
Tom Dyrdal frå NTP Avery Dennison i Gaupne fortalde om deira samarbeid med verdens beste fotballiga om leveranse av heat-transfers til alle dei engelske toppklubbane. Kontrakten med ligaen opnar for marknader over heile verda, og Gaupnebedrifta er blitt dominerande i marknaden.
Stig Erik Brekke frå Eika er investeringsdirektør i Eikagruppen. Det er vanskelege tider og ting endrar seg fort. Rentene går opp, energikostnadane er høge og det er høg inflasjon. Finansmarknaden påverker kvardagen vår, og dette vil vi få merke no i form av svakare vekst.
Heidi Hauge er direktør i Visit Sognefjord. Masterplan for reisemålet Sogn er no vedteken, og arbeidet handlar om å setje planen ut i live. Vi sel verdas flottaste reisemål, fjell, fjordar, breer og aktive samfunn. Samarbeid er nøkkelen, det er og vegen vidare. No skal vi gjere merkevara enda sterkare. Masterplanen lanserer ei rekke tiltak, og Visit Sognefjord ynskjer å få på plass ein prosjektkoordinator for dette.
Til slutt var det prisutdeling. Sogn Avis sine lesarar har kåra desse verdige vinnarane som fekk sine utmerkingar:
Årets gründer: Nes gard
Årets produkt: Haugsfrukt
Årets bedrift: Sogn frukt og grønt
Juryen hadde og ein tilleggspris. Årets samarbeidspris går til Sogn Frukt og Grønt med denne grunngjevinga:
Juryen ynskjer å løfte fram ei verksemd som byggjer suksess på samarbeid.
Selskapet er eit resultat av samanslåing av to tradsjonsrike strukturar i Sogn – Lærdal Grønt og Sognefrukt og er organisert som eit samvirke.
150 aktive produsentar samlar seg frå 2022 bak sortering og pakking av frukt og grønnsaker i Håbakken i Lærdal og utviklar lokalmathuben Sognasmak.
Verksemda inspirerar og gjer oss sogningar stolte, og juryen er glade for å dele ut Samarbeidsprisen 2022 til Sogn Frukt og Grønt.
Vi gratulerer vinnarane.
Konferansedagen vert avslutta med kulturelt fjordcruise torsdag ettermiddag, og fredag er det tilbod om remote-arbeidsplass i Flåm for dei som ønskjer å få med seg Nynorske Litteraturdagar.