Prisar til Nes gard, Haugsfrukt og Sogn Frukt og Grønt
På Næringskonferansen i Flåm 20. oktober fekk flotte bedifter i Sogn heider.
Les meir om kåringa i Sogn Avis
Dt var Sogn Avis sine lesarar som spelte inn kandidatar tol årets gründer, årets produkt og årets bedrift i Sogn. Deretter nominerte ein jury kandidatar i dei tre kategoriane. I juryen satt:
Cecilie Skogheim, Cecilie og Christian, Vik
Helene Maristuen, Lærdal Næringssamskipnad, Lærdal
Håvard Nesbø, Visit Sognefjord, Sogndal
Kjetil Hovland, Digital Etikett, Luster
Ragnhild Skahjem Tofastrud, Sogn Sparebank, Aurland
Trine Grøttebø, Årdal Utvikling, Årdal
Sekretær: Torgeir Skålid, Sogn Næring
Lesarane til Sogn Avis fekk deretter stemme over kandidatane.
Årets gründer
Desse var nominerte som årets gründer: Brasa, Dialead, Eduplaytion, Fjord X, Fjordalg, Fjordsplorer, Fredag og Fretland bakeri, Haugsfrukt, Nes Gard
Om vinnaren:
Juryen fekk innspel på kandidaten i fleire av klassane og valde å nominere verksemda som årets gründer fordi aktiviteten har tydelege gründertrekk.
Noverande eigar er 8. generasjon og har gjort spennande grep. Siste året er hytta Fjordspeilet kommen på plass, vinbaren i grisehuset er etablert, bryggeområdet med badstu og badestamp er ferdig og det er laga festlokale i den gamle låven med plass til nær 100 gjester. I 2023 kjem Fjordspeilet 2.
Dei siste åra har dei løfta matopplevinga med auka bruk av lokale råvarer.
Vinnaren av Årets gründer er Nes Gard
Årets produkt
Desse var nominert som årets produkt frå Sogn: Avery Dennison NTP: Heat transfers, Flåm zipline, Haugsfrukt: Sider, Highsoft: Highcharts, Hydro: Circal, Lerum: Aktiv produktutvikling, Lærdalsøren motorhotell, Olav Wendelbo: Brøytstigen, Rocketfarm: Pally, SGN Skis
Om vinnaren:
Vinnaren var kandidat i fleire klassar og representerer ei tradisjonsrik næring i Sogn som har fått fin vekst dei siste åra.
Basert på lokale råvarer frå Sogn har vinnaren fått fram eit produkt som har vunne prisar både nasjonalt og internasjonalt.
Produktet seglar opp som eit av flaggskipa for mat- og drikkeregionen Sogn.
Vinnaren av årets produkt er Haugsfrukt, Sider frå Sogn
Årets bedrift:
Desse var nominerte: Alm Gard, Avery Dennison NTP, Balestrand Hotell, Fresvik Produkt, Highsoft, Linn Bad, Lærdalsøren motorhotell, Quality Hotel Sogndal, Simas, Sogn Frukt og Grønt
Om vinnaren:
Vinnaren av Årets bedrift flytta i 2022 endeleg inn i nye moderne fasilitetar på Håbakken i Lærdal.
Frukt- og grøntnæringa er viktig og tradisjonsrik næring i Sogn og gjennom fusjonen mellom Sognefrukt og Lærdal Grønt har ein samla 150 aktive produsentar i eit samvirke.
Initiativet som skal sikre forbrukarar premium matvarer frå Sogn og produsentane makt i marknaden. Selskapet er arkitekt bak lokalmathuben Sognasmak og er sentral i utviklinga av mat- og drikkeregionen Sogn.
Vinnaren av Årets bedrift er Sogn Frukt og Grønt.
Samarbeid - Juryen sin ærespris 2022
Juryen delte og ut ein ærespris under Næringskonferansen. Denne gjekk og til Sogn Frukt og Grønt med denne grunngjevinga:
Juryen ønskjer å løfte fram ei verksemd som byggjer sin suksess på samarbeid.
Selskapet er eit resultat av samanslåing av to tradsjonsrike strukturar i Sogn – Lærdal Grønt og Sognefrukt og er organisert som eit samvirke.
150 aktive produsentar samlar seg frå 2022 bak sortering og pakking av frukt og grønnsaker i Håbakken i Lærdal og utviklar lokalmathuben Sognasmak.
Verksemda inspirerar og gjer oss sogningar stolte, og juryen er glade for å dele ut Samarbeidsprisen 2022 til Sogn Frukt og Grønt
Vinnarane fekk diplom designa av Olav Arild Barsnes:
Landskapet er typisk Sogn. Gode idear/gründerverksemd kan oppstå på "kvart eit nes" avhengig av enkeltmenneske. Treet symboliserer ideen, bedrifta eller føretaket. På treet veks det lyspærer, som symboliserer idear og teknologi, mens bladverket er tannhjul, som symboliserer produksjon, produkt og teknologi. Figurane rundt treet er gründeren og andre viktige personar i etablering av føretaket og foredlinga av ideane/produkta. Altså gartnarane som tek vare på treet.