Fotefar satsar på lokale turar i Sogn

 

Stengde landegrenser har gitt reisebyrået, med temareiser til utlandet, nye idear.

Fotefar Temareiser har fått tildelt 180.000 kroner frå det kommunale næringsfondet til å utvikle naturbaserte og bærekraftige gruppeturar i Sogn.

– Vi er veldig glad for at vi får hjelp frå støtteapparatet. Det hjelper at andre har tru på prosjektet vårt, fortel Yngve Sunde, dagleg leiar.

Måtte endre kurs

Fotefar har i utgangspunktet to konsept: Temareiser med kjent fagguide og vandreturar. I fleire år har desse turane gått til utlandet og vore veldig populære. Fotefar har klart å vekse til å bli størst i landet med sine nisjeturar. Då koronapandemien kom og landegrensene stengde, måtte dei gjere noko. Kursen måtte endrast og dei måtte finne nye tilbod til reiseglade nordmenn.

Yngve Sunde, dagleg leiar i Fotefar temareiser.

Heldigvis var reisebyrået allereie i gang med å utvikle turar med Noreg som destinasjon. Sunde fortel at dei for to år sidan, då det var store svingingar i valutakursen, såg behovet for å tilby turar også i Noreg.

– Så vi var i gang med å utvide konseptet vårt før koronaen kom. Dei tre siste vi har tilsett har òg god erfaring frå reiseliv i Noreg, det er bevisst, fortel Sunde.

– Difor var ikkje omlegginga heilt fjern. Men det har vore utfordrande å få våre kundar til å tenkte på turar i Noreg som eksotiske. Dei hugsar turar til Berlin og Orknøyene, og det er slike turar dei forbind oss med.

Nesten fullteikna i Balestrand

Nå jobbar dei med å få både temareiser og vandreturar i Noreg. Prosjektet det er søkt midlar til, er vandreturar i lokalmiljøet. Dei skal ha fokus på bærekraft og vere naturbaserte, ha lite busstransport og fokusere på kulturhistorie.

– Vi har satt opp ein langhelg med vandreturar i Balestrand i september og den er nesten fullteikna. Her skal vi mellom anna til Keipen, ein tur omtala som Sogn sitt svar på preikestolen.

Det er slike turar dei vil få til. Sunde er spent på om konseptet vil fungere, men har tru på at dei skal klare å finne turar og opplegg folk ønskjer å bli med på. Både med tanke på det sosiale og ved å tilby vandreturar av ulik lengde, med påfyll av lokalkunnskap.

– Eg trur mange oppdaga «norgesferien» i sommar, så vi håper at nordmenn er svoltne på våre turar i Sogn.

 
aktueltGasta Design