Kva er kompetansebehovet i di verksemd?
No i haust startar arbeidet med å dimensjonere utdanningstilbodet for studieåret 2021/2022 både på universitets-, høgskule-, fagskule-, og vidaregåande nivå. Fylkeskommunen koordinerer dette arbeidet, og ber no om innspel frå både offentlege og private verksemder om kompetansebehovet i dei ulike regionane i Vestland. Vi ber difor om at verksemder i Sogn fyller ut skjemaet under dersom ein ser at ein har kompetansebehov i si verksemd. Dette vil vere viktig for å sikre relevante utdanningstilbod i Sogn. Frist for tilbakemelding er 28. august.