Frå haltande til nesten komplett lag

Første kvartal i Sogn Næring kan oppsummerast med orda frå haltande til nesten komplett lag. Januar bar preg av at organisasjonen har hatt aukande arbeidsmengd og litt for få folk. I løpet av årets første månad gjekk vi frå å vere til saman 4 på kontoret til å berre vere 1,5 i arbeid, samstundes som vi var ein tilsettingsprosess. Vi kom oss gjennom januar, fekk tilsett 3 nye flotte folk og vi byrja stable oss på føtna att. 1. mars starta Sigrid og Henrik hjå oss, då gjekk vi frå å vere 6 i arbeid til å bli eit strålande team på 8.

Som følgje av ein organisasjon i vekst, både i tal tilsette og oppdragsgivarar, kombinert med ny dagleg leiar, har det vore ein vinter med bratt læringskurve for både leiar og tilsette. Men, sjølv som tidvis haltande organisasjon har aktivtetsmenga vore høg. Det kan nemnast studietur til Berlin, Fjellpitch, igansetjing av nytt næringshageprogram, fleire nye gründerar, utvikling av Fus-strukturen, frukostmøter i Sogndal og Vik og lansering av nærinsgpub som nytt konsept. Og vi har mellom anna arbeida med prosjekt innan sirkulærøkonomi på Kaupanger, gjenbruk og sosialt entreprenørskap. I biletekarusellen under kan du sjå glimt frå nokre av aktivitetane.

Vi gler oss til å halde fram med å lage gode møteplassar for næringslivet i Sogn, samarbeide med lokalt næringsliv om utvikling og nye forretningsområder, vi skal legge til rette for framtidas arbeidsplassar og vi skal vere ein pådrivar i det grønne skifte. 1. mai vert laget komplett, då startar Bård og vi kan med tryggleik sei vi har den kompetansen som trengs for å halde fram som utviklar og utfordrar i Sogn.

Nøl ikkje med å ta kontakt, vi tek gjerne i prat med alle som ynskjer å få til noko!

Helsing,

leiar og organisasjon under utvikling

Line Bjelde