Næringspub og sirkulær økonomi
Våren har vore tettpakka med faglege arrangement og møteplassar. Tysdag denne veka samla næringsaktørar og engasjerte bygdefolk seg på Fjøra Gastropub i Sogndal. Der gav Erlend Fardal Lunde oss eit innblikk i kva som driv han og kompanjongen Victor Aguiar til å satsa stort på servering i Sogndal. Med dei tre konsepta Brasa, Fjøra Gastropub og snart også Park Cafè i sentrumsparken når dei no breidt og dekkar mange målgrupper. “Skal vi løfte heile Sogndalsfjøra må me tenke heilskap”, utfordra han tilhøyrarane. To av samfunnsplanleggarane i kommunen, Ingrid Annette Kristiansen og Elisabet Orrestad Nilsen, tok oss gjennom korleis dei jobbar med innbyggarinvolvering i prosjekt og planarbeid for kommunen. Vi fekk også ein snik-kikk på pop up-konseptet som skal testast i Fjærland i juni, der ferske etablerarar får testa ut forretningsideane sine i lokale som i dag står tomme.
Onsdag opna Tuba Ardict dørene for Næringspub i Balestrand. Saman med siderekspert Gabe Cook og leiar i Sogn frukt- og siderlaug, Endre Kleiveland, fekk vi høyre både om potensialet til Sogn som mat- og drikkedestinasjon, og om nettverket av produsentar som har fått løyve til å produsere og selge sider i regionen dei siste åra. Nøkkelen til utviklinga er ein lang kultur for fruktproduksjon, menneske med mykje kunnskap, kreativitet og innovasjon, og ikkje minst erfaringsdeling.
“Det handlar om menneska, om eplehagane og om stadene. Rekn med det, bruk det, men ikkje lat dykk begrense av det. Fortsett å vèr innovative. Det er ein utrulig god moglegheit for Sogn”, var sider-ekspert Gabe Cook sitt råd for å dra nytte av driven som finst i området. Innspela frå salen handla mellom anna om at for å lukkast må heile regionen dra i same retning, framsnakke kvarandre og promotere heile regionen i alt som blir gjort. Det er slikt vi likar å høyre. Vi fekk også ein unik smak av gamalost-sjokolade, servert med issider. Spennande og innovativt - og godt! Kreativiteten boblar i Balestrand.