Frukostmøte i Vik 5. mai: Revisjon av kommuneplanen sin arealdel
Sogn Næring, Vik Næringssamskipnad og Vik kommune inviterer til frukostmøte på Blix Hotell 5. mai kl 07:30. Tema denne dagen vil vere revisjon av kommunalplanen sin arealdel.
Turid Kristine Brekke og Karen Weichert kjem frå administrasjonen i Vik kommune. Det blir informert om korleis prosessen kjem til å gå føre seg og korleis ein melder inn innspel. Fokusområde for revisjonen er nye område for bustader og for næringsareal, med hovudvekt på hovudsoknet. For meir informasjon sjå fastsatt planprogram og tidlegare innspel her.
I tillegg til dette vil me informere om eit HR-nettverk som er under planlegging og ordføraren kjem for å dele ut miljøfyrtårn til fire lokale bedrifter.