Kan verksemder med ei sosial botnlinje løyse kommunale utfordringar?
Saman med Sogndal kommune deltek vi i Impact Hub, KS og Ferd Sosiale entreprenlører sitt program EffektLab. Saman skal vi utforske og lære om sosial innovasjon og den sosiale botnlinja.
Ein sosial entreprenør er eit selskap som bidreg til å skape ei ny løsning på eit samfunnsproblem. Dei vil skape målbare positive endringar, og samstundes etablere ei god og lønsam verksemd. Selskapa reduserer til dømes behovet for fossilt brensel, erstatter plast, betrar folkehelsa, hjelp barn til å lukkast i skulen, reduserer fattigdom, gjer nabolag tryggare, skaffer reint drikkevatn til ein rimeleg pris eller revolusjonerer batteriproduksjon.
Målet er a skape nye muligheter og få innsikt i spennande og nye samarbeidsformer. I tillegg til Sogndal er 6 andre byar/bydeler med i programmet.