Fus-gründer vann gjev gullmedalje

Med produksjonsstad i Hardanger kan ein kanskje spørje seg kvifor vi vel å løfte fram denne saka, det har sjølvsagt ein logisk forklaring. Leiaren for selskapet, Truls Edvard Jørgensen, har vore ein viktig del av miljøet på Fus i Sogndal, difor vert vi litt krye over at ein av “våre” gründere har klatra til topp i konkurransen visuelt 2022, i kategorien Emballasje . Kanskje kan litt av æra for prisen gis det inspirerande miljøet på Fus? Dette vert spekulasjonar frå forfattarens side, men ein kan ikkje sjå vekk i frå at det kan vere noko sanning i det?

Gründeren sjølv seier dette om kombinasjonen av arbeidsstad Sogn og produksjonsstad Hardanger.

Store ting kan utviklast når vestlendingar samarbeidar og tek i bruk moglegheitene som ligg i tilgjengeleg infrastruktur og nettverk
— Truls edvard jørgensen, dagleg leiar njöt
illustrasjon: Njöt

illustrasjon: Njöt, Design av Maren og illustrasjon av Andreas i @overhaus.no


I dag vert Njöt seld på 12 vinmonopol i Norge, lokalt i Sogn kan du smake dei leskande dråpane på Dampskipskaien, Quality Hotel Sogndal og Leikanger Fjordhotell.


Er du på utkikk etter ein kontorplass i eit spennande miljø, ta kontakt med Stian, eller bestill deg ein plass på Fussog.no


aktueltLine Bjelde