Fus @Lærdal er opna!

 

Onsdag 16. mars opna vi den 5. Fus-lokasjonen, som vert ein del av den felles utviklingsstrukturen vi byggjer i Sogn. Fus i Lærdal ligg sentralt på Øyreplassen, samlokalisert med Norsk villakssenter og Sogn Kunstsenter. Allereie før opning var 4 av 10 plassar leigde ut, under opninga fekk vi treffe ein lokal gründer som og var interessert i ein plass i det nyoppstarta fellesskapet,

Som ein del av opninga fekk vi servert mat og drikke frå lokale produsentar, som det nyopna bakeriet Fredag/Fretland. Ordførar Audun Mo og huseigar Yngve Hallen var begge samde om at satsinga er eit naudsynt steg for å halde seg attraktiv for utviklinga av næringslivet i Sogn.

Vi i Sogn Næring ynskjer dei velkomne inn i Fus-familien og ser fram til mykje godt samarbeid med Fus @Lærdal i tida framover!


Er du interessert i ein plass på Fus @Lærdal, eller ein av dei andre lokasjonane våre? Klikk deg inn på Fussogn.no eller ta kontakt med line@sognnaring.no.


Snart kan du booke deg plass, møterom og medlemskap gjennom vår nye medlemsportal, så det er berre å følgje med vidare!

 
Line Bjelde