Møter kommunalministeren

Foto: Trond A. Isaksen

Måndag 21. mars får vi i Sogn Næring og Sogndal kommune møte Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram for å gje innspel til Distriktsmeldinga.

Ei rekkje aktørar er invitert til innspelsmøte som første post på statsråden sin agenda. Deretter vert det omvisning på Campus Sogndal med ei rekkje innlagde stopp regissert av Yngve Hallén som representant for Sogndal Fotball.

Sogndal kommune og Sogn Næring får møte statsråden for å diskutere lokal og regional næringsutvikling, integrering, attraktivitet og tillitsreform.

Turen går så vidare til Rockethouse og dei framoverlete verksemdene Rocketfarm og Nlink, før besøket vert avslutta på kommunehuset i Sogndal der digitaliseringsteamet i kommunen fortel om arbeidet med digitalisering av byggdrift.

Du finn programmet til Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram i Sogndal her.

aktueltGuest User