Fus Sogn i stadig utvikling!

 

I februar opna vi Fus i Vik. 16. mars opnar vi Fus I Lærdal og i begynnelsen av april skal vi lansere eit nytt digitalt bookingssystem. Det nye systemet vil gjere det enda enklare å nytte seg av moglegheitane som ligg i Fus-strukturen.

Det skal vere lett å booke seg ein plass for ein dag eller for ei veke. I systemet kan ein leigetakar i Sogndal enkelt å booke seg møterom på Leikanger. Har du kontorplass i Sogndal kan du nytte deg av alle dei andre lokasjonane. Det nye systemet skal og fungere som ein nettverkingsplattform for alle som sit på Fus. I tillegg opnar det for eit hav av moglegheitar, i forhold til å kople Fus til andre tilbod rundt om i bygdene. Det er berre fantasien som set stopparen, seier Line Bjelde og Bente Mossige Ask teamlear for digitalisering i Sogndal kommune - prosjektgruppa ansvarleg for utvikling av plattformen.

På sikt vil og systemet legge til rette for at ein gjennom Fus-appen kan opne dørene inn til Fus. Dette er neste steg av prosessen, som truleg vil kome plass før sommaren. Denne funksjonen vil gjere Fus svært tilgjengeleg for alle som treng ein kontorplass eller eit møterom - for ein dag, ei veke eller for ein lengre periode.

Parallelt med utviklinga av den nye digitale booking- og medlemskapsportalen, vert det arbeida med oppdatering av Fussogn.no - Her vil ein finne informasjon om alle lokasjonar. aktuelle arrangement, og sida vert kopla opp med det nye systemet. Ta gjerne ein kikk på Fussogn.no og les om alle dei flotte Fus-lokasjonane rundt om i regionen vår.


Er du framleis ikkje sikker på kva Fus er, eller er du nysgjerrig på om dette er noko for deg eller di verksemd? Ta gjerne kontakt så skal vi fortelje deg alt du treng å vite! send e-post til line@sognnaring.no eller ring 906 18 483.

 
aktueltLine Bjelde