Vi vidareutviklar kommunikasjonen vår!
Fornying og utvikling står sentralt i dei fleste verksemder. Slik er det for oss i Sogn Næring og, Vi er i stadig i endring, både med tanke på organisasjon, oppdragsgivarar og oppgåver. Då er det berre rett og rimeleg at ansiktet vårt utad representerer den organisasjonen vi er i ferd med å bli. Sogn Næring vert difor snart å sjå med ny logo, nye fargar og ny nettside.
Å arbeide med nye nettsider tvinger ein til å sjå på korleis vi som organisasjon kommunisera det vi held på med. I denne prosessen har det og vore svært viktig for oss å gjere det enda lettare å kome i kontakt med oss. Difor opna vi no får at dei som vil, kan chatte med oss. Vi er spente på å sjå om vi ved hjelp av denne funksjonen når ut til enda fleire. Seier dagleg leiar Torgeir Skålid.
Det vert og arbeida andre funksjonar, for å gjere det lett å følgje med på kva som skjer, halde seg oppdatert på arrangementa våre, og finne fram til tenestene våre - det skal ikkje vere tvil om kva vi held på med og kva vi kan hjelpe med. I tillegg forsøker vi å gjere sida universelt utforma, eit viktig arbeid for å gjere nettsida vår tilgjengelig for alle.
Det vert arbeida intensivt for å gjere dei siste justeringar av nettsida fram mot lansering.
Dei nye nettsidene vert å sjå i løpet av våren, i alle fall før april, seier Line Bjelde, ansvarleg for dei nye nettsidene.