Fylkestinget vitja Sogndal

16. - 17. mars hadde Fylkestinget i Vestland møte i Sogndal, og saman med næringslivet og Sogndal kommune fekk vi presentere mykje av det spennande som skjer i Sogn.

Fylkestoppane fekk møte rådmann og ordførar frå Sogndal kommune som fortalde om satsingane til kommunen og korleis Utfordrarbygda jobbar med mellom anna attraktive tettstadar, gode oppveksttilhøve, digitalisering og for å vere eit utviklingslokomotiv i Sogn.

Egil Mundal fortalde om korleis Rocketfarm har utvikla seg gjennom dei siste ti åra, og at selskapet gjennom Sogndalssamfunnet sin attraktivitet har hatt god tilgang på arbeidskraft.

Mette Marie Heiberg og Eli Grete Høyvik drog dei historiske linjene om fruktdyrking i Vestlandet fram til i dag. Dei representerar begge den særs viktige frukt- og bærnæringa i Sogn, og har stor suksess for drikkevarene sine.

Bente Mossige Ask har leia arbeidet der Sogndal kommune har involvert skuleelevar i kommunen i utviklinga av den nye samfunnsplanen. Det blei vist ein film av elevar ved Kaupanger skule som har bygd framtidsbygda si i i Minecraft, dette hausta mange lovord blant forsamlinga.

Tor Yttri fortalde Fylkestinget at han har overlete Fjellsportfestivalen til yngre krefter, og at han håpar Vestland Fylkeskommune tek godt i mot dei nye ambassadørane som skal forvalte verdas beste snø.

Til slutt fekk politikarane møte Arve Uglum, redaktør i Sogn Avis, som tok på seg rolla som festdempar: -Vi Sogningar må ta vare på mindreverdighetskomplekset, den er drivkrafta vår.

Forretningsutviklar i Sogn Næring, Line Bjelde, leia seansen som og baud på lettare innslag med Sognametal representert ved Vreid og Tore André Flo frå Sogndal Fotball regissert av Håvard Nesbø.

Sjølvsagt fekk fylkestoppane våre også smake på lokale produkt. Mette Marie Heiberg frå Amble Gård og Eli Grete Høyvik frå Balholm serverte og fortalde om produkta..

aktueltGuest User