Gav løypemelding for arbeid med strategisk næringsplan for Vik kommune
Dei siste vekene har både politikarar og næringslivet i Vik fått presentert det førebelse arbeidet med strategisk næringsplan for Vik kommune.
Sogndal kommune og Sogn Næring har teke på seg arbeidet med å utvikle Strategisk næringsplan for Vik kommune, og planen skal utviklast i nært samspel med kommuneorganisasjonen, politisk nivå og næringsliv.
26. august var det politikardag og formannskapsmøte i Vik. Der møtte tenesteleiar for nærings- og samfunnsutvikling i Sogndal kommune, Joakim Systaddal, og dagleg leiar i Sogn Næring, Torgeir Skålid, for å orientere formannskapet om prosessen. Måndag 30. august heldt Sogn Næring ein kortfatta versjon av presentasjonen for styret i Vik Næringssamskipnad.
Politikarane i Vik har bestilt ein tydeleg og konkret plan som kan nyttast til å gje gode politiske bestillingar og planen skal skapast saman med næringslivet. Næringsutvikling skal sjåast samanheng med samfunnsutvikling og gjennom planen skal Vik ta posisjon ein strategisk posisjon saman med og i regionen.
Ein har førebels jobba fram desse måla:
Eit levande sentrum i vekst
Reiselivet som lokalsamfunnsutviklar i heile kommunen
Gode kommunikasjonslinjer til omverda
Strategiar for å nå måla
Handels-, service- og trivselsbygda Vik
Mat- og drikke - frå jord til bord
Knoppskyting og vekst gjennom nettverk og samarbeid
Reiseliv for lokalsamfunnsutvikling
Rekruttering og profilering
Vidare i prosessen vert det no utvikla eit utkast til plan. Planen vert presentert for næringsliv og politisk nivå i oktober. Her vert det høve til å kome med innspel, før planen går til politisk handsaming før jul.
Du finn presentasjonen med løypemelding nytta i dei to møta her.