Mobiliserer næringslivet for TV-aksjonen
Vi i Sogn Næring er utfordra til å delta i fylkesaksjonskomiteen for TV-aksjonen denne hausten. Det gjer vi sjølvsagt gjerne, og no ønskjer vi å mobilisere næringslivet i Sogn og Fjordane til å bidra tukl det viktige arbeidet til Plan.
Om Plan
Plan International er ein global bistandsorganisasjon som jobber på grasrota for barns rettar. Plan driv langsiktig utviklingsarbeid i meir enn 50 land og samlar inn pengar i meir enn 20 land.
I meir enn 80 år har Plan jobba for at alle barn skal ha like rettar. Organisasjonen fokuserer på dei mest marginaliserte barna i verda. Der barn ikkje har det bra, har jenter det verst. Difor set Plan jenter først.