God påske frå gjengen i Sogn Næring!
foto: Henrik. Ida, Karoline, Bård og Sigrid, frå personalsamling i Rindabotn
I skrivande stund sit eg på Tyinkrysset og har delvis hyttekontor. Henrik er på kontoret på Campus, Sigrid, Stian og Ida arbeida heimefrå, Karoline er på hytta på Strynefjellet og Birgitte er i Tromsø. Vi har nettopp hatt mandagsmøte, med gjennomgang av dei siste oppgåver som må løysast før vi tek ein velfortent påskeferie.
Vi ynskjer alle samarbeidspartar, lokalt næringsliv, gründere og oppdragsgivarar ei riktig god påske! Skru ned tempo, skru av pc, ta på solbriller, et marsipan og appelsin, grill pølser og les krim. Vi i Sogn Næring skal bruke tida på å lade batteria, saman med venner og familie. Nokre av oss kjem til å bruke tida på å klatre opp fjell, mens andre vil halde seg meir låglandet. Under kan de sjå glimt frå påska vår så langt.
Med ynskje om ei retteleg god påske,
Helsing,
Line og resten av gjengen i Sogn Næring!