Sogndal Næringslivforum: Studentar med driv

Er verda klar for det grøne skiftet, og kven tek rekninga? Det var temaet då studentar frå HVL inviterte næringslivet til å møtast på Sogndal Næringslivforum.

For andre gong vart Sogndal Næringslivforum gjennomført i regi av EMLIS (Linjeforeininga til eigedomsmeklarane i Sogndal) og ØKS (Linjeforeining for økonomi i Sogndal).

I eit halvt år har dei planlagt korleis dei skulle gi studentar og næringsliv eit forum for å treffast og knytte kontaktar, og diskutere dei store spørsmåla dei møter når dei kjem ut i arbeidslivet.

Me sit igjen med ei kjensle av tilfredsheit og stoltheit over å ha arrangert ein vellykka Sogndal Næringsliv Forum. Me er glade for at me kunne tilby ein arena for næringslivet i regionen til å diskutera aktuelle tema og dela kunnskap og erfaringar. Me ønskjer å halda fram med å bidra til utviklinga av næringslivet i regionen og vil ta med oss dei positive tilbakemeldingane i planlegginga av framtidige arrangement. – Børge Smørdal Nilsen Nest-leiiar EMLIS


Sogn sparebank bidrog med 100.000 til vidare drift av arrangementet. Arrangørane Joakim Byberg og Børge Smørdal Nilsen tok imot støtta på vegne av EMLIS og ØKS. 

Mellom anna kan vi trekke fram Håkon Solheim, prosjektdirektør i Norges bank, som gav tilhøyrarane eit innblikk i korleis dei modellerer klimaomstilling i sitt arbeid med norsk økonomi. Sidan den industrielle revolusjonen har økonomisk vekst vore tett knytt til forbrenning av fossil energi. No må vi bryte det tette bandet, og kva skjer med økonomien om vi ventar? Då må omstillinga skje fortare, og kostnadskurva blir brattare, synte Solheim med å vise fram modellane sentralbanken jobbar ut i frå. I deira undersøkingar svarer norsk næringsliv at dei er villige til å omstille seg, og at motivasjonen er i stor grad at kundane krever det.

Årets unge leder i 2022, Hege Juliane Nevestad, gav både næringsliv og studentar eit dytt for å la dei unge få ansvar. Sidan februar har ho vore leiar i Visit Sørlandet.

Du må ikkje løyse alt aleine. Du kan vera audmjuk, og spørre erfarne kollegaer du har rundt deg.

I hennar tid som hotellsjef på Hotell Caledonien i Kristiansand, sparte dei 1,3 millionar på eitt år i energitiltak, uten investeringar. I reiselivet svarer 3 av 10 turoperatørar at dei vel vekk destinasjonar som ikkje kan dokumentere at dei tek grep for å kutte utslepp og ta vare på miljøet. Grøn omstilling kan vere lønsamt, er hennar erfaring.

Det same viste Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal tilhøyrarane. Dei jobbar framtidsretta i konsernet ved å forbedre teknologi, og utvikle produkt der dei kan bruke resirkulert aluminium i produksjonen. Det kuttar utsleppa i produksjonen med over 80 prosent, og gir Hydro bedre inntening. God business i materialgjenvinning, med andre ord. Vi gler oss til å høyre meir om nyvinningane frå Årdal!

Til slutt må vi gi heider til Sogn Sparebank som støttar studentane både økonomisk og faglig i arrangementet. Dei ønskjer å oppretta eit studentsenter der studentar kan få arbeidserfaring, og det heiar vi på! Som Alexander Dvergsdal i Sogn Sparebank sa;

Det er 3000 studentar i Sogndal. Det er 3000 moglegheiter. Det må vi vere gode til å nytta oss av.


Vel blåst til arrangørane av Sogndal Næringslivsforum, og takk for ein innhaldsrik dag!

aktueltSigrid Skjerdal