Godt i gang med oppdraget frå den nye kommunen
Strategisk plan for samfunns- og næringsutvikling i Sogndal kommune blei vedteken i kommunestyret 2. april, og Sogn Næring er gitt i oppdrag å følgje opp det overordna målet om auka tal på arbeidsplassar i kommunen. Dette skal vi mellom anna gjere gjennom å rettleie og støtte opp under bedrifter som ynskjer å drive med utviklingsarbeid, og hjelpe nyetablerer. Vi har i fleire år drifta gründersenteret FUS på Campus Sogndal, og det blir no arbeida med å få på plass liknande kontorfelleskap i Balestrand, på Kaupanger og i Leikanger. Målet er at desse kontorfelleskapa skal gi gode rammer for å drive med utviklingsarbeid i heile kommunen. Vi vil ha fokus på å lage gode møteplassar for næringslivet også framover, og vil til hausten starte opp att med lunsjsamlingar og næringslivsfrukostar.
Første halvdel av 2020 blei sterkt prega koronasituasjonen, og vi har forsøkt etter beste evne å vere til stades for næringslivet vårt. Mange bedrifter har behov for å omstille seg til nye marknadar, og vi har hatt stor pågang av bedrifter som ynskjer hjelp til sine utviklingsprosjekt. Det er no lågare terskel hjå Innovasjon Norge for å få finansiert gode prosjekt, og vi håpar at fleire vil ta kontakt med oss for bistand utover hausten. I vår har me også hatt fokus på å bli betre kjent med næringslivet i den nye kommunen vår, og vil fortsetje dette arbeidet utover hausten. Ta gjerne kontakt om du ynskjer besøk av oss.
Sogndal kommune er vertskommune for fleire viktige offentlege kompetansearbeidsplassar, både fylkeskommunale og statlege. Saman med ordførar Arnstein Menes har vi no ein runde rundt hjå dei offentlege verksemdene for å bli betre kjent. Mange verksemder utrykker eit stort behov for å styrke arbeidet med profilering og merkevarebygging av regionen, for å gjere det enda lettare å rekruttere kompetent arbeidskraft. Vi er glade for at eit regionalt prosjekt knytt til merkevarebygging av regionen no er på trappene.
Om du er interessert i å lese meir om kva selskapet arbeider med så ta gjerne ein kikk på strategien vår.
God sommar!