Auka samarbeid i regionen om næringsutvikling
Næringsmedarbeidarane i Sogn har over lang tid hatt eit ynskje om å styrke arbeidet med næringsutvikling i regionen. Behovet er stort for å klare å løfte meir saman, på toppen av det lokale næringsutviklingsarbeidet. Kampen om dei kloke hovuda, plasseringa av nye offentlege og private verksemder og om å bli sett og kjent som ein attraktiv region går kvar dag. Næringsnettverket i Sogn har difor våren 2020 skissert eit regionalt prosjekt for å styrke innsatsen knytt til næringsutvikling i Sogn, innan fire utvalde område:
Reiseliv - samordne og styrke den regionale og kommunale innsatsen for å fremje Sognefjorden som reisemål.
Vertskapsrolla for offentlege arbeidsplassar - styrke og vidareutvikle dei statlege og regionale offentlege arbeidsplassane i Sogn.
Profilering og rekruttering - skape ei tydeleg merkevare for Sogn som vert lagt merke til, og fylle den med innhald.
Teknologi og digitalisering - bidra til at Sogn vert leiande i det 4. industrielle skiftet, og tek i bruk ny teknologi og digitalisering for å skape konkurransekraft.
Sogn regionråd slutta seg til prosjektet på regionrådsmøtet den 12. juni. Vi gler oss til å ta fatt på arbeidet i lag med dei andre kommune over sommaren.